Molandsmoen 5, 3870 Fyresdal

350 41 143

Me har teke over drifta av verkstaden som Gunnar Momrak (1929-2012) bygde opp i 1960. Då bygde han den fyrste verkstaden på garden Momrak Søndre. Eit lakkeringsrom vart bygd til i slutten av 60 tali.

I 1974 tok han eit stort steg og bygde eit stort nytt mekanisk verkstad. Det vart bygd så stort at med fekk inn din tids tømmerbil! Nytt moderde lakkverkstad vart sett opp i 1979-1980.

Etter kvart som åra har gjenge har lokala stagnera i forhold til bilane si utvikling. Så i 2014 bestemte me oss for å tenkje nytt bygg. Me kjøpte dei gamle lokala til Telemark Lys AS på Molandsmoen Industriområde. Lokal var ikkje spesielt godt egna til formålet slik dei var. Bygget er dessutan frå 1980. Me har lagt nytt tak og fjerna mesteparten av betongolvet i produksjonshallen. Det var ikkje fall eller slukar her. Totalt var der 8 kontor, og me som hadde eitt lite kontor på Momrak!  Nå har me fjerna fleire kontor og omgjort nokre slik at me har fengje superfine arbeidsplassar til alle saman.

Ny generasjon

Etter jol i 2017 byrja unge Gunnar (f.1991) å arbeide i verkstaden. Han er også medeigar slik hans farfar Gunnar var. Det blir ei spennande tid framover med nye tankar og lærdom.

Reparasjon

Alle bilmerker!
Mekanisk, karosseri og lakk

Leigebilar

Forskjellige størrelser, rask levering